← attende til bokstova

Nokre ord um namnet paa landet vaart

Teig av Marius Hægstad i Norvegia: tidsskrift for det norske folks maal og minder, 1908.[1]


Kor gamalt namnet paa landet vaart er, finn me ingen stad upplysing um.

Sume hev meint aa finna namnet Norig so langt att i tidi som hjaa den namngjetne lærde romar Plinus. Han livde i det fyrste hundradaaret etter Kristus, og hev skrive mykje um folk og land som laag langt undan fedrelandet hans. Soleis reknar han ogso upp namn paa nokre øyar som skulde liggja her langt nord, og millom deim ei stor øy, som etter ei handskrift fraa kringum 1100 skulde heita Nerigon (eller i nom. Nerigos?). Men etter som eldre handskrifter av Plinus — fraa det 9de og 10de hundr. — paa denne same staden ikkje hev Nerigon, men Berricen[2], er det rimlegast aa tru at Nerigon er misskrift, og denne formi kjem soleis utanfor umrøda her.

Det er ikkje fyrr enn i det 9de hundr. at me raakar paa dei eldste former for namnet paa landet vaart no. Og daa fyrst hjaa framande bokskrivarar. Soleis i den gamal-engelske fraasegni um nordmannen Ottars ferder. Her vert landet kalla Norðweg[3]. I ei fransk soga fraa kringum 900 finn me den latinske formi Northwegia og Nortwegia[4]; i ei onnor framand aarbok[5] fraa midten av det 10de hundr. raakar me paa Norwegia, og fraa slutten av dette same hundr. hev me den eldste norderlendske form Nuruiak paa ein merkeleg runestein i Jylland (Jællingesteinen). Adam fraa Bremen[6], som livde i siste helvti av det 11te hundr. og som skriv mykje um landet vaart, kallar det Norvegia (ogso: Nordwegia, Nordveia, Norveia, Norguegia), og segjer at dette er det „moderne“ namn i staden for Nortmannia (Nordmannia, Normannia) som han ogso ofte brukar. I det 11te hundr. finn me ogso formi Nordwega[7], og eit pavebrev fraa 1078 er skrive til Olauo Noruecchorum regi (ɔ: Olav, konge yver Norigsmennerne).

Alle desse namneformer hev etter min[sic] meining til fyresetning og grunnlag ei gamal-norsk form Norðvegr i det 9de hundr. som alt i næste hundradaar skifter til Norvegr.

I norrøne skrifter finn me kringum 1200 Norvegr og Noregr[8], soleis at Norvegr helst vert bruka i det islandske maalføre (til eks. Homilieboki, Stockholm), Noregr helst i andre norske maalføre (til eks. Norsk homiliebok).

Etter dette synest det meg klaart, at namnet upphavlegt er ei samansetjing av norðr (ɔ: nord) og vegr med tyding land (eigenl. kant, ætt), og at det tyder „landet mot nord“ (eigenl. nord-ætti), liksom austrvegr var landi mot aust (Gardarike ofl.), vestrvegr landi vestanfor Nordsjøen, og suðrvegar flt. landi mot sud (Sud-Tyskland, Italia = suðrlǫnd ɔ: Sudlandi).

Liksom suðrvegar vart bruka i fleirtal, og var samnamn paa Sudlandi, finn me ogso norðrvegar som samnamn paa Norderlandi i den eldre Edda i Helgakviða Hundingsbana I, 4:

brá nipt Nera
á norðrvega
einni festi,
ey bað hon halda,

ɔ: Neres slegtning (norni) kasta ei fester aat Norderlandi, og baud at ho skulde halda alltid. I gamal-engelsk finn me „on norþwegas“ (ɔ: veg imot nord), umfram Norðweg(e), og sidan Norweg (ny-eng. Norway) og Norwegas (dativ fleirtal Norwegum) som namn paa Norig.

Det upphavlege Norð-vegr maa ha burtkasta r etter ð og framfor v alt i det 9de hundr.; av den nye formi Norðvegr kjem daa det gamal-engelske namn, og dei eldste latinske tilmaatingar — helst av dativ Northwegi med den vanlege latisnke ending a: Northwegia, som ogso Scandinavia, Germania ofl. hev. Burtfallet av r i norðr er regel i gamal-norsk, naar ordet er fyrste samansetningsled i eit stadnamn; soleis Norðland, Nordnes, Nordhwiidhom (no skrive Nordvi, gard i Stange paa Heidmark).

I Norðvegr hev ð falle burt venteleg i det 10de hundr., so namnet vart Norvegr (ogso Nórvegr), og dette hev alt fyre 1200 mange stader vorte Noregr (ogso Nóregr). Grunnen til burtfallet av ð kann vera at han stod millom tvo konsonantar (samanlikna: norðrǿnn, gamal-høgtysk nordrôni, som vart til nórrønn); og grunnen til burtfallet av v kann vera at ordet hev fenge sterkt ljodtrykk paa fyrste stavingi, og at folk ikkje lenger la den upphavlege tydning inn i ordet, men berre hadde i tanken landet som det var namn paa; kann ogso henda at v i denne samansetningi mange stader hev havt bilabial uttale (vore uttala med baae lippor). Kor det er hev ordet gjenge same veg som þann veg (paa den maate), huęrn veg (paa kva maate) ofl. som vart til þanneg (soleis) og huęrneg (korleis). Paa Island tykkjest formi Norvegr ha fest seg best, med di det baade er namnet i dei aller eldste skrifter og synest vera det vanlegaste no (Norvegur)[9]. Me finn ogso i norske fastlandsskrifter formi med v, men sjeldan, soleis Norweghs i eit brev fraa Aas paa Follo 1357[10].

Formi Norvegr ligg til grunn for namnet paa landet vaart i dei fleste framande maal. Me hev fyrr nemnt engelsk Norway; det tyske Norwegen høyrer og hit, like eins den yngre latinske namneform Norvegia (ogso Norvagia) med sine greinord i dei romanske maal: ital. Norvègia, rumænsk Norwegia, fransk Norvège, og spansk Noruega. Paa russisk heiter det Норвегія (ɔ: Norvegia), og endaa i arabisk hev geografen Idrisi alt i 1140 umtala Norbâġa (eller Norwâġa)[11]. Det mest kjende namn paa landet vaart ute i verdi er soleis Norvegia.

Den tolkning av namnet Norig som her er gjevi, er — etter det eg veit — den vanlege, og etter min meining heller tvillaus. Likevel er der ogso andre meiningar um dette[12].

I 1847 hev student Nils H. Trønnes skrive ei utgreiding i Langes Norsk tidsskrift um namnet paa landet og folket. Han meiner at Nor- i landsnamnet ikkje kann vera norð-; hadde det vore norð- maatte dette no paa Austlandet ha vorte nōł̣- og landet hadde heitt Nōł̣eɡ, men det heiter Nørje. Han segjer at han aldri hev sét noko Norðvegr bruka for Noregr. So set han Nor- i samanheng med det norske ord nōr n. sund, eller elvgrein, helst fraa eit vatn ut i ei større elv), og meiner at namnet Norvegr eigenleg tyder „sundlandet“ eller landet med dei tronge fjordar og vatn.

Um dette er aa segja at me finn formi north (ɔ: norð) i fyrste leden av namnet hjaa framande bokskrivarar i den tidi, daa me lyt tru at ð livde i ordet, ja endaa hjaa Adam fraa Bremen. Naar me i gamal-norsk ikkje finn ð i dette høvet, er det fordi denne konsonanten hadde kvorve burt i landsnamnet den gongen dei tok til aa skriva gamal-norsk; og med di han er burte alt i gamal-norsk, kann me heller ikkje venta aa finna honom att i dette ordet saman med ð () som ł̣- i nynorsk. Dette motlegget hadde soleis ikkje stor vegt.

I 1897 hev den svenske vitskapsmannen Ad. Noreen freista aa hevda mykje godt den same tolking (som han kanskje ikkje hev kjent) av landsnamnet som Nils Trønnes, um enn paa eit sterkare underlag[13]. Noreen meiner at Nor- i landsnamnet ikkje kann vera norð-, etter som formi Nóregr (med land o) er den eldste og vanlegaste. Han finn difor liksom Trønner samanheng med ein germansk ordstomn nōra-, samanklemd (hertil nór, smalt sund), og umset Nór(v)egr med regio augusta ɔ: det tronge eller smale land. Noreen styd seg til at Jællingsteinen hev Nuruiak (utan þ) kringum 980, og at norsk paa gamal-svensk heiter nōrisker. Den gamal-engelske formi Norðweg hjaa Orosius hev etter Noreens meining sin grunn i folkeetymologi, i samhøve med Austrvegr.

Sume av desse grunnarne tykkjest ikkje hava stor tyngd. At Jællingsteinen i slutten av det 10de hundr. hev Nuruiak kann koma av at ð alt var burte i dette ordet i uttalen paa den tidi (sjaa lenger uppe); eller og kann runehoggaren ha gløymt ein bokstav, som der i nøgdi er døme paa. At norsk paa gamal-svensk heiter nōrisker synest heller ikkje vega mykje i denne saki, med di dette ordet vel kann vera laga etter Nóregr (nori(g)sker). Sterkast er den grunnen at Nór(v)egr i gamal-norsk ofte hev ó. Men um det endaa kann vera vandt aa skyna kor dette hev seg, er det likevel aa merka, at ogso norrǿnn (norsk), som tvillaust kjem av norðrǿnn, ofte hev lang ó, og at denne synest likso leid aa forklaara, um ein ikkje vil nøgja seg med aa tru, at ó her er framkomen etter jamlaging med Nóregr Dessutan er det merkande at dei norske maalføri no peikar paa stutt vokal i det eldre maal.

Dei eldste paaviselege former for ordet, samanlikningi med austrvegr, vestrvegr og suðrvegar, og likskapen med norðrǿnn i formvokster tykkjest meg vega heilt up den uklaaren der er um vokalen i Nor-, som det vel ogso eingong kann verta lyst meir upp i.

Ei samansetning av nōr- (sund-, eller smal-) og vegr med tydningi land, høyrest heller ikkje mykkje rimeleg. Det er liksom vegr, med tydingi land, ikkje vil høva i samansetning med andre ord enn netupp namni paa himmelætterne.

Umfram dei tvo nemnde tolkingar er der endaa ei som eg her skal nemna. Den tyske vitskapsmannen Müllenhoff meiner at Norvegr fulla hev same tyding som norðvegr, men at Norvegr likevel er ei upphavleg form, skild fraa norðvegr, og samansett av eit substantiv nor- (grunnord til norðr) med tydning nordætt, nordsida; nor- i Norvegr skulde høva til norðr som visi- i Visigothi (vestgotar) til vestr[14]. Denne forklaaringi vilde vera rimeleg, dersom ikkje dei eldste namni paa landet hadde norð i fyrste led; dessutan vert uklaaren umkring formi med ó (Nóregr), som Müllenhoff ikkje nemner, endaa større etter denne tolkning.

Norðvegr med si upphavlege tydning er vel eit samgermansk namn for land som ligg i nord. At det feste seg som namnet paa det nørdste land som germanar budde, er ikkje underlegt. Formi Noregr hev truleg vakse fram i sjølve landet. I dei eldre norske diplom (fraa det 13de og 14de) hundradaar er Noregr den vanlege form, oftast i genitiv Noregs (skrive mangeleis: Noreghs, Norex, Noræghs ofl.), eller i dativ Norege eller Noregi, som ogso vart skrive paa mange maatar. Dativ var fulla den formi som vart mest bruka (í Norege, her í Norege o. s. fr.) og dette hev havt stor innverknad paa ordet si utforming sidan.

I dei maalføri som fra[sic] gamall tid ikkje hadde ljodsamhøve (eller vokalharmoni) millom rotvokalen i ordet og endingi, men berre hadde i og u (umfram a) i endingar, maatte Noregr snart verta Norigr. Soleis serlegt i sume bygder i Kristianssands bispedøme. Sameleis kunde det gaa i dei bygder der endingane e og i vart utjamnat til i. Soleis til eks. Inderøy i Nordtrøndelag. Naar dativsformi vart uttala med palatal g, (gj, j), vilde detta kunna gjera endingi e til i ogso andre stader: Noreg(j)i. Men Noregi vilde i maalføre med tilstemna til ljodjamning av vokalar lett verta Norigi, som igjen kunde skapan ein nominativ Norigr. Hertil kunde ogso hjelpa tanken paa ordet rike og tiljamning etter andre kjende landsnamn: Sverike, Frankrike. Ymse vegar førde soleis til Norig. Sume maalføre kunde gaa andre vegar og samandraga Norige eller Noregi til Norje eller Norji (skrive Norge)[15]. Desse dativformer kunde som fleire andre verta bruka som nominativ med ny bøygning i genitiv Noriges, Noregis, Norjes.

Dei gamle norske kongebrev hev Noregr (oftadt i gen. eller dat. Noregs, Noreghs, Noreghe ofl.) med e-ljod i andre stavingi som den einaste from fram til 1370. Ogso i andre brev og skrifter er Noregr det vanlege i denne tidi; men me finn no og daa andre former, soleis i eit brev fraa Tunsberg 1332: Norighi (dat.); fraa Undal (Agder) 1364: Norigs (gen.). I 1383 vert det i eit kongebrev skrive Norges. Sidan skifter desse former, og nye smaabrigde kjem til. Men Noregr held seg i kongebrevi til 1449, og fyrst i dei danske kongebrevi etter 1451 vert Norge (gen. Norgis, Norgys ofl.) det vanlege. Etter di dei endaa i fyrstningi av det 16de hundr. ogso skreiv Norgie (1517), Nories (gen. 1527, Olav erkebisp), Norgiess (1533), maa Norge i den tid berre ha vore ein skrivemaate for Norje (den samandregne dat. Nor(e)ge).

Etter dei upplysingar eg hev kunna faa um uttalen av landsnamnet no, er formerne desse:

Noreg, Vest Telemark.

Nårre, (nårrə), Smaal., Buskerud.

Norig, Ringebu (noriɡ); Telemark (ofte i Landst. folkevisor); Setisdal, (nōriɡ, nōriɢ); Jæderen.

Nori, Norri, Nåri, Nårri, Nordland (Meløy), Trøndelag (ofte nåri), Nordmøre, Romsdalen, Sunnfjord (nō̇ri og nårjə), Ryfylke (eldste slegt), Mandal (nori), Lom (når´ri), Valdres (Nordre Aurdal [nå´ri]).

Norrije, Land.

Norje, Nårje (ɔ: nȯrjə, nårjə), Senja, Vefsn, Børsen, Bynes, Stangvik, Sunnfjord, Samnanger, Sogn, Østerdalen (når´jə), Heidmark (når´jə Stange, Vang, Furnes, Ringsaker), Aadalen, Tinn.

Nørje, Opdal (i Numedal, nør´jə).

nɒr´jə, Orked., Singsaas, Kvikne, Elverum, Solør.

nɒrj, Soknedalen (S. Trdh.).

Sume stader kann fleire former vera i bruk. Fraa Orkedalen er soleis uppgjeve: Norri, Norje, Norj (o vel oftast = ɐ). Tonelaget er skiftande, snart tvostavings, snart einstavings.

Paa Færøyarne skriv dei Noregi (noərejı) i folkevisorne, gen. Noregis og Noregs; men jamnaste namnet er Norra. Liksom i sjølve Norig er ordet ogso der inkjekynsord; i gamle dagar var det mannkynsord (som vegr).

Alle desse former hev sitt upphav fraa Noregr eller sideformi i det 14de hundr. Norigr. Den fyrste av dei uppførde former, Nårre, skal vera ikkje so lite i bruk i bygderne umkring Kristianiafjorden. Formi fell nær saman med uttalen av Norge i Danmark, so mange trur ho er dansk; men etter alt aa døma er det visseleg ei norsk form, og det endaa den eldste i det stykke at ho hev halde uppe det gamle ljodsamhøve og hev e i andre stavingi. Eg held Nårre for det gamle Noreg med burtfallen g. Som ein ser hev g falle burt mange stader ogso i formi Norig, so det hev vorte Nori, Nåri o. s. fr.

Uttalen Nårge som er den aalmenne i dei fleste byar og ikkje so lite bruka i mange bygder, helst i Bergens bispedøme, ofte jamsides med ei av dei fyrrnemnde former, er beintfram uttale av det skrivne Norge.


  1. [Norvegia. Utg. I kommisjon hos Grøndahl. Kristiania. 1884.]
  2. Plinus: Naturalis historia. D. Detlefsen. Berolini MDCCCLXVI, I, sid. 189.
  3. Handskr. hev Norðwege. Orosius ved Bosworth, London 1859, sid. 21. Hdskr. (the Cottonian) er fraa 11te hundr. men beint fram avskrift etter the Leuderdale fraa slutten av 9de h. som dessverre paa denne staden er uheil.
  4. Chronicon de gestis Normannorum in Francia. Mon. Germ. hist. I, sid. 532 og 536.
  5. Annalista Saxo, anno 952. Mon. Germ. hist. VI, sid. 608.
  6. Adam Brem. Gesta Hammab. eccl. pontific. (hdskr. fraa 13de hundr.)
  7. Cnutonis regis gesta, fraa 1040—42 (hdskr. fraa 1100—1150.
  8. helst i dat. Norvege, Norege (eller -gi).
  9. Soleis hjaa Dr. Ludv. Larsson: Ordförraadet i de älsta islänska handskrifterna; K- Gíslason: Dönsk orðabók, 1851; G. T. Zoëga: Ensk-íslenzk orðabók, 1896; Ingerslevs landkunna, umsett av H. Kr. Friðriksson ofl. Like vel vert det ogso skrive Noregur paa islandsk.
  10. Diplomatarium Norvegicum I. no. 350.
  11. Etter upplysing av professor A. Seippel.
  12. I ei gamal-norsk segn vert det sagt at Noregr er kalla so etter Nor, ein kongeson fraa Finnland, som i lag med broderen Gor la under seg dette landet. So urimeleg denne utleggjingi er, synest ho likevel vera ein vitnesburd um at det gamle umgrip, den upphavlege tydning av landsnamnet — nord-vegen — alt i gamal-norsk tid hev vore uttrengt or tanken av det nye umgrip — landet Norig —, allvisst sume stader.
  13. Svenska etymologar i Skrifter utgifna af Kongl. humanistiska vetenskaps-samfundet i Upsala. Band V, 3, 1897, sid. 22—23 under artikelen Gers.
  14. Deutsche altertumskunde von Karl Müllenhoff, 4ter band: Die Germania des Tacitus. Berlin 1900. Sjaa sid. 651 ofl.
  15. I sume trøndske maalføre kunde ogso formi Norje verta Norri, liksom gardsnamnet Berje (skrive Berge) hev vorte Berri.